top of page
image0_edited.jpg

Aktivitetar i Stavang

"Det blå hjartet i fjordlandet"

Tida ventar på deg, her ute. Under den vide himmelen, over det blanke havet finst spor å fylgje. Fjell og øyer viser veg i alt det blå. Ti tusen år gamle spor langs vegar som har sett spor i deg når du dreg.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Fiskeopplevingar

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Turar til sjøs med eigen båt

Landet vårt har verdas lengste kystlinje. Alltid har det vore bruk for å segle trygt langs kysten vår. Difor har det i uminnelege tider også vore drive losteneste. Oppgåva er omtalt allereie i Magnus Lagabøte si landslov på slutten av 1200-talet. I Stavang ventar dykkar eigen los for dagane ved havet. Kristian Grov er ein kunnskapsrik og dedikert vegvisar til alt frå lokal kulturhistorie til løyndomsfulle fiskeplassar.

Kinn

På den grøne sagaøya Kinn tok dei første menneska seg i land etter siste istid. Den ruvande Kinnaklova har vore eit seglingsmerke for sjøfarande folk til alle tider. Ein gong steig heilage Sunniva frå Irland  i land på Øya. Kinn kyrkje frå 1150 fortel om Sunniva si tid på øya. Kyrkja er ei av våre eldste steinkyrkjer og eit mål for pilegrimsreisande den dag i dag.

 

Kvart år spelar teater Vestland og folk frå kysten det historiske spelet «Songen om det store djup» om Sunniva, kyrkja og folket ved havstranda på Kinn.

 

-Dra til Kinn og bli rik, kunne folk seie til kvarandre i århundra fram mot vårt eige. Områda kring øya var lenge det største sildefeltet i Noreg.

 

Høgdepunkt: Kinnaklova | Turstiar | Kinnaspelet i juni | Guida tur | Lokalbåt med «ringestopp».

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Til havs med Reketrålar "MS Nytraal"

Ved kaia i Stavang ligg òg eit klenodium av ein reketrålar med lang fartstid på havet. Kristian Grov tek gjerne på seg kapteinslua og tek deg og dine med til havs mellom holmar og skjer.

 

Tilbake ved kaia i Stavang kan langbordet dukast med dagfersk sjømat i solnedgangen. Meininga med livet er å skape gode minne for kvarandre, vert det sagt. Ein kveld under stjernene om bord i den ærverdige båten vil skine lenge i minneboka.

 

MS Nytraal kan også leigast ved kai, som ramme for ei særmerkt sjømatoppleving for ditt selskap eller arrangement.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Makrellstørjefiske

Makrellstørja er den største tunfiskarten, og dei kan bli opptil 500 kg. Ho trivst godt i havet utanfor Stavang, og her har vi blant verdas største bestandar. 

RIB tur til Alden

Frå kaia i Stavang kan du bli henta i ein RIB som tek deg lynraskt over sjøen til Alden. Her kan dykk gå Alden opp medan RIB´en ventar på dykk nede i fjorden. Les meir om turen til toppen av Alden her.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Øyhopping

med taxibåt eller hurtigbåt

Batalden | Fanøy | Kinn | Svanøy | Skorpa | Rekstad   

  • Ferske, lokale delikatesser frå havet - Avtal med Kristian for levering 

  • Utflukt til Florø. Oppdag gastronomi i kystbyen

  • Besøk Kinn Bryggeri - Link

  • Guida rundtur/fottur på Svanøy - Link

  • Badestrand i Eikefjorden - Link

  • Kurs og fellesturer med havkajakk med "Kajakk i Florø" - Link

  • Nærbutikken Stavang Landhandel - Link

  • Stavang kulturkafe - opnar dørene våren 2024 

  • Leig båt med eigen kaptein til blåtur, firmatur eller familietur - Link

  • Stavang Møteplass og Pub - lokaler som kan leigast til møter og eigen lokal pub 

  • Bli med på ein arrangert tur med DNT - Flora turlag - Link

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Svanøy

Svanøy ligg som ei dronning mellom øyane i skjærgarden utanfor Stavang. Heilt sidan vikingtida har øya vore eit knutepunkt i skipsfarten langs kysten. På Svanøy Hovudgård har både adelsfolk, embetsmenn og geistlege hatt sine sete.  Framleis røyser det store kvite hovudhuset seg staseleg i all si prakt midt på øya, omkransa av roser og eføy som i eit eventyr.

 

Øya har ruteanløp, gjestehamn, kro og landhandel. På Svanøy Handel kan du kjøpe lokalmat frå Svanøy Røykeri og Norsk Hjortesenter, få gratis turkart og leige syklar. Å sykle ein tur rundt øya byr på mange spennande stopp:

 

Høgdepunkt: Svanøy Hovedgård | Nordsjøløypa | Norsk Hjortesenter | Svanøy Handel | Svanøy Røykeri

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Kristian sine kjentmannstips

Rundtur på Stavøya: Nordsjøløypa til Skarnipa og Humrevika jettegryter

Då isen smelta og landet steig, forma smeltevatnet fjordlandskapet slik vi kjenner det. Djupt i skogane finst likevel spor etter istida vi sjeldan ser. Går du Nordsjøløypa rundt Stavøya kan du fylgje stien innover i skogen til dei trolske jettegrytene i Humrevika før du går til toppen av Skaranipa. Her ventar eit vakkert rundskue over skjærgarden: Svanøy, Tviberg, Alden og Askrova blenkjer i havet kring deg.

Med mange skattar å oppdage undervegs i variert terreng, er dette ein familievennleg rundtur.

Ein kan starte turen frå det gamle skulehuset som no er Grendahus eller frå Langøykrysset, ein skogsvegen lenger ute på øya. Stiane er godt merka heile vegen.

Rundtur Skålefjell og Hornfjellet

Frå toppen av Skålefjell 765 moh kan du nyte utsikta både innover mot Førdefjorden og utover mot øyane i vest og Høydalsfjorden.

 

Rundturen tek til på «Vetleplassen»: Ein stor parkeringsplass på venstre sida av vegen like før Stavang, når du kjem frå Eikefjord. Den merka stien går i variert terreng og er til tider kupert. Landskapet endrar seg i takt med høgdemeterane og utsikta er til å miste pusten av.

 

Dette er ein tur som passar for deg som har grunnleggande turferdigheit

og er i normal fysisk form.

 

For detaljert informasjon og turkart - ut.no

 

Om turen:

Middels krevande tur | 10,8 km | 6 timar | 1218 høgdemeter totalt | Sesong: jun -okt

Ausevika Helleristningsfelt

Opplev eit av dei største helleristningsfelta i Norge!

Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar, geometriske teikn, spiralar og labyrintar. Dei eldste teikna er over 3000 år gamle.

Ausevika ligg under Skålefjellet, som reiser seg mot sør i nærare 800 m høgde. Dette fjellet dannar avslutninga på eit fjellområde som strekkjer seg heilt inn til Jotunheimen.

 

Her er det parkeringsplass, sanitærbygg og publikumsramper med opplysningsskilt.

Om turen: Avstand frå Stavang Rorbuer 7 km |

Stavvikenipa​

 

Kort topptur i furuskog med utsikt til øyane vest og sør for Florø by.

Kjem du frå Stavang er det to små parkeringsplass/utkjøring på høgre side etter den knappe svingen ut for Stavvika, du finn skilt med parkering. Obs ikkje steng for ut og inn kjøyring! Kryss hovudvegen og følg traktorveg vestover ca 50 meter, då kjem stien til syne på venstre sida. Der er skilt som viser til "Staviknipa" og stien begynner bratt oppover. Er fint tråkk i furuskogen heile vegen opp til Stavvikenipa, 241 moh. Enkelte våte partier.

Obs: Ikkje gå utforbi varden på toppen, er høgt ned og sprekker i fjellet!

 

Om turen:

Middels krevande tur | 1,5 km | 45 min | 274 høgdemeter totalt | Sesong: heile året

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Båtutleige med fiskeutstyr og eigen sløyeplass

I eiga kai rett ved Stavang Rorbuer ligg 4 båtar til utleige, alle er utstyrt med redningsvestar og fiskeutstyr. Eigen sløyeplass og frysar med god plass til dagens fangst fylgjer med. Kristian svarar på stort og smått før de legg ut på fisketur. Ta kontakt for å bestille båt

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Turar til fots

bottom of page